Alsaker Fjordbruk

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med  24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

Læreplass i akvakultur – bli med og jobb med framtidas mat

Fokuset vårt er å gjera det me er best på!

Frå fjordane langs norskekysten produserer me laks til heile verda. Kvart år leverer me det som tilsvarar om lag 200 millionar middagsporsjonar, og på moderne anlegg i Rogaland og Vestland jobbar me med heile prosessen – frå rogn og settefisk til slakteklar laks i sjø.

Som lærling i akvakultur hos oss får du ein variert og praktisk kvardag, både på sjøanlegg og ved landbaserte settefiskanlegg. Du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som bryr seg om både fisken og folk.

Kva gjer ein driftsoperatør?
Hos oss får du vera med på mykje forskjellig, mellom anna:

  • Fôring, kontroll og stell av laks og rensefisk
  • Drift og vedlikehald av anlegg og teknisk utstyr
  • Oppfølging av produksjon og kvalitet
  • Bruk av båt, kran og anna mekanisk utstyr

Me ønskjer ein motivert og initiativrik lærling som er lærevillig og har lyst på ein jobb i havbruksnæringa. Du treng ikkje kunna alt frå før – det viktigaste er at du er nysgjerrig, ansvarleg og klar for å læra!

Hos oss får du:

  • God og tett oppfølging
  • Erfaring frå både sjø- og landbasert produksjon
  • Ein trygg start på yrkeslivet
  • Moglegheiter for jobb vidare etter læretida

Klar for ein spennande og framtidsretta læreplass? Då håpar me å høyra frå deg!

Les meir om våre lokasjonar og selskap på heimesida vår:  https://alsaker.no/

Alsaker lokalitetskart