ALSAKER LFC SERVICE AS

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med  24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland.  Les om oss på  www.alsaker.no

KRISTOFFER TRONDS

Vi søkjer ein motivert matroslærling til vår moderne brønnbåt Kristoffer Tronds. Dette er ei flott moglegheit for deg som ønskjer ei spennande læretid som matros, og som vil lære faget i praksis saman med erfarne sjøfolk.

Om fartøyet

Kristoffer Tronds er ein av Noregs største brønnbåtar i drift og utfører transport og handtering av levande laks. Vi har fokus på trygg drift, god fiskevelferd, eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg standard om bord.

Om stillinga

Som matroslærling vil du få variert opplæring i tråd med læreplanen og bli ein del av eit profesjonelt mannskap. Du vil delta i den daglege drifta av fartøyet og få verdifull erfaring frå arbeid på brønnbåt.

Arbeidsoppgåver

  • Dekkteneste, reinhald og vedlikehald
  • Operasjonar knytte til lasting, lossing og transport av fisk
  • Fortøying og handtering av utstyr
  • Deltaking i tryggleiksarbeid og beredskapsøvingar
  • Anna førefallande arbeid om bord

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått VG2 maritime fag
  • Gyldig helseattest for sjøfolk
  • Grunnleggjande sikkerhetskurs
  • Interesse for sjø og akvakultur

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og positiv
  • Ansvarsfull og påliteleg
  • Trivst med praktisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Trygg på turnusarbeid og arbeid til sjøs

 

Vi tilbyr

  • Ei god og trygg læretid i eit seriøst reiarlag
  • Opplæring av erfarent mannskap
  • Ein variert og lærerik arbeidskvardag
  • Konkurransedyktige vilkår