Meidell konsern har sitt hovudområde innan havbruk, med Alsaker Fjordbruk som motor. I tillegg omfattar konsernet marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringsbygg samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetning og er omlag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland.
LÆREPLASS SOM ELEKTRIKAR – UNIK MOGLEGHEIT FOR BREI OG VARIERT ERFARING
Får du læreplass i Onar Elektro og Rør AS, får du ein svært variert og lærerik læretid – og ei erfaring som skil seg ut frå det mange andre elektrikarlærlingar får.
Me jobbar med prosjektarbeid, installasjon, drift og vedlikehald av elektro, røyr og tekniske installasjonar for Meidell konsernet/Alsaker Fjordbruk sine bygg, anlegg og fartøy. Bedrifta har i dag 5 tilsette og base på Onarheim.
Som lærling hos oss får du jobba med eit stort spenn av anlegg og installasjonar, og du blir involvert i heile prosessen – frå planlegging og montering til drift og feilsøking. Du vil mellom anna få opplæring og erfaring med:
- Elektriske installasjonar og vedlikehald på settefisk- og matfiskanlegg
- Arbeid på brønnbåt og servicebåt
- Elektroarbeid i næringsbygg, kontorlokale, butikklokale og bustadar
- Vedlikehald og feilsøking på elektriske tavler, komponentar og styringssystem
- Aggregat, fôringsanlegg og anna teknisk utstyr
Denne breidda gjer at du som lærling vil få ei meir utvida kompetanse og forståing enn det som er vanleg i ei tradisjonell elektrobedrift. Du lærer å jobba i komplekse og tekniske miljø, og får erfaring som er svært verdifull vidare i yrkeslivet.
Arbeidskvardagen er variert og kan innebera noko reiseverksemd til lokasjonar i Hordaland og Rogaland. Dette gir deg innsikt i ulike anleggstypar og arbeidsmiljø.
Me legg stor vekt på tryggleik, kvalitet og god opplæring. Du blir følgd opp av erfarne fagfolk i bedrifta, og er tilknytt Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor for el-fag (HSO) gjennom heile læretida.
Me ser etter deg som er:
- Motivert og lærevillig
- Nysgjerrig og interessert i elektro og tekniske løysingar
- Praktisk anlagt og ansvarsbevisst
- Klar for ein kvardag som byr på nye utfordringar
Vil du ha ein læreplass som gir deg meir enn «berre det vanlege»?
Send inn CV og søknad – me gler oss til å høyra frå deg!