Alsaker Fjordbruker er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt og har om lag 1,2 milliardar i omsetnad. Lokalitetane våre ligg i 13 kommunar, frå Rennesøy i sør til Meland i nord. Konsernet er ein av dei største smoltprodusentane i landet. Årleg produksjon av matfisk er på om lag 30 000 tonn, fordelt på 22 konsesjonar. Me er om lag 250 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det òg! Les meir om oss på www.alsaker.no
Les meir om oss på www.alsaker.no
Læreplass i industrimekanikerfaget

Får du læreplass i LOS Fjord AS, er du garantert ei spanande og variert læretid!

Ein arbeidsdag på LOS Fjord AS kan vera veldig varierande. Her jobbar ein med alt frå å reparere båtar, mekanisk arbeid, bygging av utleigebustader, diverse plastarbeid som for eksempel: bygging av servicepostar, kar til smolt anlegg, fôrtrakter m.m.

Det at bedrifta har mange og varierande arbeidsoppgåver, gjer at me har ulike personar med ulik utdanning og eigenskapar her hjå oss!

Arbeidsplassen er også varierande. Den kan vera i LOS Fjord AS sine lokale, kanskje må ein yta feltservice opp mot båtar og utstyr, og somme tider utfører ein arbeid på landbaserte lokalitetar. Våre dyktige medarbeidarar nyttar gjerne både bil og båt i sine daglege gjeremål.

Høyres dette spennande ut? Då må du vise di interesse ved å legg ein ein CV og søknad til oss innan 1. mars!

 

 

Spørsmål om stillingen

Oddvar Helland 
Driftssjef
92223525
 
 
 

Søk på stillingen

Søknadsfrist:
 

LOS Fjord AS er eit selskap i Meidell konsern, og tel om lag 15 tilsette. Me er sterkt knytt opp mot oppdrettsnæringa, og vårt daglege arbeid består i hovudsak av vedlikehald og feltservice på Alsaker Fjordbruk sine båtar, maskiner og utstyr, samt  ulike bygningsmessige oppdrag for konsernet. Sjå www.alsaker.no. LOS Fjord har ein godt utstyrt mekanisk verkstad, samt hall for produksjon og reperasjon av ulike typar glasfiberprodukt. Bedrifta driv også basefunksjonar for konsernet sine aktivitetar. Dette, saman med at me rår over ein allsidig arbeidsstokk gjev oss mange muligheter.
LOS Fjord AS ligg i Alsakervågen på Onarheim, i Tysnes kommune, 7 min frå  Hodnanes og 20 min frå Våge.