Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar marineservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 2,2 milliard i omsetning og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Reinhaldar

Alsaker Fjordbruk AS søkjer reinhaldar i bygga våre på Onarheim.

Stillinga er ei deltidsstilling med om lag 20% stilling. Arbeidstid er kvardagar på ettermiddag/helg. Me er til ei viss grad fleksiblel på arbeidstid/arbeid i helg.
Det kan bli mogleg å få stillinga utvida.

Er du ansvarsfull, påliteleg, nøyaktig og har sans for orden og det lille ekstra? Då er du kanskje den me ser etter!

Arbeidsoppgåver vil vera reinhald, samt anna førefallande arbeid.

Arbeidsspråket vårt er norsk.

 

 

Spørsmål om stillingen

Signy Alvær Lie 
Førstedame
53430113
99210113
 
 
 

Søk på stillingen

Søknadsfrist:
 27.03.2025
ADMINISTRASJON

Alsaker Fjordbruk AS er administrasjonsselskapet til alle selskapa i konsernet. Hovudkontoret ligg på Onarheim i Tysnes kommune, og har ein stab på 40 personar.

I tillegg til hovudkontoret har konsernet fleire andre bedrifter også tilhøyrande på Onarheim, som matfisklokasjonar, rensefiskanlegg, servicebåtar samt brønnbåtrederi, service og produksjonsbedrift, i tillegg til butikk og utleigeverksemd.