Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største oppdrettskonsern, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar marineservice- verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har nær 3 milliardar i omsetning og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Læreplass - Skipsmotormekaniker på brønnbåt

KRISTOFFER TRONDS

Alsaker Fjordbruk har våren 2021 fått levert ein av Norges største brønnbåt.  Fartøyet har lengde 90,7m, bredde 18,6m og 5919 brt, sertifisert for Nordeuropeisk fart.

M/S Kristoffer Tronds er ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og har topp moderne teknologi og mannskapsfasilitetar.
Fartøyet er utstyrt med
ein stor fiskebehandlingspakke frå MMC, der det er lagt vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk. Den har 4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, omfattande navigasjonssystem og dynamisk posisjonering.

Brønnbåten går i skipsfart mellom lokalitetane våre i Hordaland og Rogaland, og har eit mannskap på 12 personar.

Fordelar med å eige vår eigen brønnbåt:

  • Me behandlar og leverer vår eigen laks
  • Mannskapet er tilsett i same konsern som kundane
  • God dialog i planlegging og gjennomføring - skal gje oss godt resultat
  • Me fraktar vår eigen last
  • Alle i organisasjonen jobbar mot felles mål
  • Blir kjend med folka anlegget
  • Lite rederi, og kort veg til administrasjonen

Høyres dette spennande ut? Då må du vise di interesse ved å legg ein ein CV og søknad til oss innan 1. mars!

Spørsmål om stillingen

Lise Iren Sandtorv 
Mannskapssjef
99210137
 
 
 

Søk på stillingen

Søknadsfrist:
 
ALSAKER LFC SERVICE AS

Alsaker konsernet sin brønnbåt er bygd i Bilbao i Spania, av verftet  Astilleros de Murueta. Fartøyet er designa av Salt Ship Design og vart levert i slutten av mars 2021.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern, og er ein av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Konsernet har utvikla og driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.

Partane har samarbeidd over lengre tid for å utvikla eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsam fiskehandtering i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet. Fartøyet har fleire nye og spanande designløysingar, og innebygd ein stor fleksibilitet i høve til ulike typar behandlingsmetodar.