Får du læreplass i LOS Fjord AS, er du garantert ei spanande og variert læretid!
Ein arbeidsdag på LOS Fjord AS kan vera veldig varierande. Her jobbar ein med alt frå å reparere båtar, mekanisk arbeid, bygging av utleigebustader, diverse plastarbeid som for eksempel: bygging av servicepostar, kar til smolt anlegg, fôrtrakter m.m.
Det at bedrifta har mange og varierande arbeidsoppgåver, gjer at me har ulike personar med ulik utdanning og eigenskapar her hjå oss!
Som lærling i motormekanikerfaget vil du i hovudsak få opplæring og erfaring med reperasjonar, service og vedlikehald, og ombygging av konsernet sine servicebåtar og ulikt utstyr. I tillegg vil du vil få delta i, og få erfaring med, alt det andre spennande som rører seg i bedrifta.
Arbeidsplassen er også varierande. Den kan vera i LOS Fjord AS sine lokale, kanskje må ein yta feltservice opp mot båtar og utstyr, og somme tider utfører ein arbeid på landbaserte lokalitetar. Våre dyktige medarbeidarar nyttar gjerne både bil og båt i sine daglege gjeremål.
Høyres dette spennande ut? Vis di interesse ved å legg ein ein CV og søknad til oss innan 1. mars!