Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Læreplass i sjømatproduksjonsfaget – frå råvare til ferdig produkt
Får du læreplass hos oss på Viking Fjord AS, er du garantert ei spanande, variert og lærerik læretid i ei framtidsretta næring!
Hos oss jobbar me med heile prosessen frå laksen kjem inn til fabrikken, til ferdig produkt er klart for utsending til kundar i Noreg og resten av verda. Produksjonen omfattar mellom anna mottak og kontroll av råstoff, bløgging og slakting, sortering, pakking og palletering.
Som lærling i sjømatproduksjonsfaget får du vera tett på den daglege drifta og læra korleis moderne sjømatproduksjon fungerer i praksis.
Du vil få opplæring og erfaring innan:
- Mottak, handtering og kontroll av råstoff
- Produksjon og foredling av sjømat
- Sortering, pakking og klargjering for utsending
- Trygg mat, hygiene og kvalitetskrav
- Bruk og vedlikehald av maskiner, reiskapar og utstyr
- Rutinar for HMS og orden i produksjonen
Arbeidskvardagen er variert og går føre seg i eit travelt, men trygt og strukturert produksjonsmiljø. Du jobbar saman med erfarne kollegaer som sørgjer for god opplæring og oppfølging gjennom heile læretida.
Me ser etter deg som er:
- Motivert og lærevillig
- Nøyaktig og ansvarsbevisst
- Glad i praktisk arbeid
- Interessert i mat, kvalitet og produksjon
Fabrikken ligg på Sunde i Kvinnherad, og her får du ein solid start på ei yrkeskarriere i sjømatnæringa.
Høyrest dette spennande ut?
Send inn CV og søknad – me gler oss til å høyra frå deg!