Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av landets største privateigde oppdrettskonsern, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk, omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetning og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Læreplass - Industrimekaniker Viking Fjord

 

Får du læreplass i Viking Fjord AS, er du garantert ei spanande og variert læretid!

Ein arbeidsdag på Viking Fjord AS kan vera veldig varierande. Her jobbar ein med alt frå å reparere pumper og relevant utstyr, mekanisk arbeid, pnaumatikk og forebyggande vedlikehald av utstyr.

Det at bedrifta har mange og varierande arbeidsoppgåver, gjer at me har ulike personar med ulik utdanning og eigenskapar her hjå oss!

Fabrikken ligg på Sunde i Sunnhordland

Høyres dette spennande ut? Send inn ein CV og søknad då vel!

Spørsmål om stillingen

Hans Einar Holmedal 
Fabrikksjef
99210163
 
 
 

Søk på stillingen

Søknadsfrist:
 
VIKING FJORD AS

Viking Fjord AS, H-111

Viking Fjord AS vart etablert i 1993, og er seinast i 2009 bygd om. Lakseslakteriet har no ein kapasitet på 15 tonn pr. time. Me leverar fersk, sløyd laks i 20 kilos kassar med is til Europa og Østen. Viking Fjord AS er Noregs største slakteri av flysendt laks for det japanske markedet. Om lag 25% av det me pakkar går med fly til Østen (Japan og Kina), og 75% går med trailer til Europa. Viking Fjord er godkjent i høve til offentlege krav til eigenkontroll basert på HACCP-prinsipp. Les meir om Viking Fjord her!