MEIDELL

VAKTMEISTER

Meidell konsern søkjer etter vaktmeister til å drifte våre bygningar, eigedommar og installasjonar på Onarheim. Som vaktmeister vil du få mange varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, der ingen arbeidsdag vert lik. Du vil samarbeide tett med våre dyktige handtverkarar og teknisk personell.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre løpande vedlikehald, reperasjonar, serviceoppdrag og internkontroll på våre bygg, eigedommar og installasjonar.
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem og daglege driftsrutinar
  • Delta ved tilsyn av teknisk anlegg
  • Koordinering og oppfølging opp mot handtverkarar/leverandørar ved serviceoppdrag

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Har relevant erfaring frå tekniske- eller handverksfag
  • Gode datakunnskapar
  • Stor arbeidskapasitet og løysningsorientert
  • Serviceinnstilt, strukturert og sjølvstendig
  • Lokal tilknyting er ein fordel

Me kan tilby deg:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø
  • Stort fagmiljø innan tekniske fag
  • Konkurransedyktige vilkår