Me søkjer engasjert og motivert maskinkadett til vårt team på Kristoffer Tronds.
Som maskinkadett vil du jobbe med tekniske oppgåver som er avgjerande for å sikre påliteleg drift av skipet.
Du vil få moglegheita til å jobbe med flinke og dedikerte kollegaer og tileigne deg unik kompetanse innanfor ei framtidsretta næring.
KRISTOFFER TRONDS
Alsaker Fjordbruk har våren 2021 fått levert ein av Norges største brønnbåt. Fartøyet har lengde 90,7m, bredde 18,6m og 5919 brt, sertifisert for Nordeuropeisk fart.
M/S Kristoffer Tronds er ein integrert del av verksemda i Alsaker konsernet, og har topp moderne teknologi og mannskapsfasilitetar.
Fartøyet er utstyrt med ein stor fiskebehandlingspakke frå MMC, der det er lagt vekt på fiskevelferd og teknologi innan behandling, sortering og transport av fisk. Den har 4 brønnar, Optilicer, RSW anlegg, omfattande navigasjonssystem og dynamisk posisjonering.
Brønnbåten går i skipsfart mellom lokalitetane våre i Hordaland og Rogaland, og har eit mannskap på 12 personar.
Fordelar med å eige vår eigen brønnbåt:
- Me behandlar og leverer vår eigen laks
- Mannskapet er tilsett i same konsern som kundane
- God dialog i planlegging og gjennomføring - skal gje oss godt resultat
- Alle i organisasjonen jobbar mot felles mål
- Blir kjend med folka på anlegget
- Lite rederi, og kort veg til administrasjonen
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått teoretisk maskinistutdanning til å oppnå høgste maskinoffisersertifikat, M1
- Gyldig helseattest
- Gyldig vidaregåande sikkerhetskurs
- Fagbrev/FS motormann
- Maskinromvakttjeneste
- Sjøfolk med særlige sikringsplikter
Me tilbyr:
- Turnusordning med 4 veker på/av
- Konkurransedyktig lønn, pensjons- og forsikringsordning
- Ungt arbeidsmiljø med veldig kjekke kollegaer
- Norsk er arbeidsspråk
- Rask oppstart etter skuleslutt.
Høyres dette spennande ut? Då må du vise di interesse ved å legg ein ein CV og søknad til oss innan 16. mars!