Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2023 var nær 700 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Teateret spelar i dag på tre faste scenar i sitt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.
Det er ledig tre vikariat i
Publikumsservice
Det Norske Teatret har ledig eitt vikariat i 40 % og to vikariat i 20 % som publikumsvert fram til 31. mai 2022.
Arbeidsoppgåver
Vere tilgjengeleg for publikum i foajéområdet
Inn- og utslepp av publikum ved framsyningar
Vere tilgjengeleg i salen under framsyningar
Vi søker deg som
Er serviceorientert og imøtekommande
Er strukturert, praktisk og sjølvstendig
Er fleksibel i høve til arbeidstid
Arbeidstida er stort sett på kveldstid og i helgane når vi viser framsyningane våre. I 40% stilling vil dette utgjere 14 timar i veka. I 20% stilling vil arbeidsmengda vere omkring to vakter på til saman 7 timar i veka. Oppstart etter avtale.
Vi tilbyr
Ein spanande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
Gunstig ferieordning
Lønn etter tariff
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Martina Ferdér, martina.ferder@detnorsketeatret.no