Produksjon og plan
Planleggjar
Søknadsfrist:
04.02.2022

Det er ledig ei fast stilling som

 

Planleggjar

 

Har du ein teft for detaljar og er ein god koordinator? Er du god på å sjå samanhengar og å finne løysingar? Trivst du med å ha mange ballar i lufta og lande dei i eit system? 

Det Norske Teatret søkjer etter ein planleggjar i fast stilling som vil ha ein nøkkelfunksjon i arbeidet med å utarbeide spele- og produksjonsplanar. Dette blir gjort i tett samarbeid med teatersjefen, eiga avdeling og andre avdelingar på huset.

 

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Planleggjaren vil ha ansvar for planlegging og administrasjon av prøvelokale og produksjonar, samt administrative oppgåver som sikrar god informasjonsflyt. Stillinga inngår i produksjon- og planavdelinga på teateret.

 

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring

  • Høgare relevant utdanning og/eller erfaring frå liknande arbeid
  • God kjennskap til teaterproduksjon
  • God systemforståing og IKT-kunnskap er eit krav. Relevant erfaring frå TimeWise eller andre plan- og/eller produksjonssystem vil vere ein fordel

 

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, nøyaktig og med stor gjennomføringsevne
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Ansvarsfull og påliteleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

 

Arbeidstida er dagtid, 37,5 timars veke. Tiltreding etter avtale.

 

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Espen Gravklev, produksjon- og plansjef

espen.gravklev@detnorsketeatret.no

Telefon: 486 06 025

Produksjon og plan

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå 

Questions regarding the position

Espen Gravkleiv 
Produksjons- og plansjef
22473860
48606025
 
 
 

Apply for position



Kart