Teknisk kontor
Verkstadleiar
Søknadsfrist:
07.08.2022

Det er ledig ei fast stilling som

 

VERKSTADLEIAR

 

Vi opprettar ei ny stilling som verkstadleiar, der målet med stillinga er å sikre god arbeidsflyt, få ei betre oversikt over heilskapen, og betre prosessane for verkstadene våre. Vi søkjer etter deg som er ein trygg leiar, og har erfaring og evner til å sjå heilskapen i produksjonsprosessane våre. I prosessen vil du vere eit viktig bindeledd mellom kunstnarlege team, verkstadene, teknisk kontor og produksjonsavdelinga. Du vil ha ansvar for å sikre god dokumentasjon.

 

Du vil ha eit overordna ansvar for snikkar/smie, målarsal, kostyme, maske, rekvisitt og konstruksjon, med personalansvar for fagavdelingsleiarane og konstruktør. Ansvaret inneber å sikre at leveransane er i rute med tanke på rammer og ressursar, kunstnarlege ambisjonar og helse, miljø og tryggleik (HMT).

 

Ønskt kompetanse:

  • Relevant utdanning er eit krav, gjerne som ingeniør og/eller tekniske fag
  • Erfaring frå teaterproduksjon, produksjons- og/eller personalleiing vil vektleggast
  • God datakunnskap og systemforståing, bl.a. kjennskap til 2D og 3D CAD-system
  • Dokumentert erfaring frå HMT-arbeid

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner, også skriftleg
  • Respekt og interesse for kunstnarlege prosessar
  • Evner til langsiktig planlegging, med interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
  • Interesse for ny teknologi
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast

Vi tilbyr :

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø  
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar 
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring 
  • Gunstig ferieordning 

 

Arbeidstid er hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg kan påreknast.  Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje. 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til teknisk sjef Oddgeir Kummen, tlf. 975 32 686,

e-post: oddgeir.kummen@detnorsketeatret.no   

 

Teknisk kontor

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.



Questions regarding the position

 
 
 
 

Apply for position



Kart