Det Norske Teatret
Økonomisjef
Søknadsfrist:
27.05.2024

ØKONOMISJEF TIL DET NORSKE TEATRET

 

Har du lyst til å jobbe med økonomistyring i ein spennande kulturinstitusjon? Vi er på utkikk etter ein fagleg dyktig økonomisjef som meistrar både høgt tempo og langsiktig planlegging i eit hus prega av raske sceneskift.  Økonomisjefen skal, saman med direktøren, sikre at teateret har ein sunn økonomi, slik at vi kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar.

 

Økonomisjefen får mellom anna ansvar for økonomistyring, finansiering, prosessforbetringar, framskrivingar, analysar, budsjettering, rekneskap og innkjøp. Leiaren for dette området har i dag personalansvar for tilsette på økonomi- og personalområda og er med i leiargruppa. Teateret er i ferd med å tilsette ny direktør, og denne vil avgjere framtidig organisering av stabs- og støttefunksjonar. Vi brukar frå 2024 økonomisystemet Xledger.

 

Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og systematisk nå mål. Vi ønsker oss ein økonomisjef som er ein sikker analytikar, som òg kan formidle funn så dei blir forstått.

Søkarar bør vere gode i både nynorsk og engelsk og ha høg arbeidskapasitet.

 

Vi tilbyr:

  • ei nøkkelrolle bakom scenane på Noregs største teater og scenekunst i rikt monn.
  • eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
  • lønn etter avtale og gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar,

 

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.

Gå inn på www.mollerstad.no for å legge inn søknad innan 27.05.24.

 

Det Norske Teatret

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2023 var nær 700  av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Teateret spelar i dag på tre faste scenar i sitt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.



Questions regarding the position

 
 
 
 

Apply for position



Kart