Kostymeavdeling
Lærling i kostymesyarfaget
Søknadsfrist:
19.05.2024

Det er ein ledig plass som 

  

LÆRLING I KOSTYMESYARFAGET 

 

Det Norske Teatret har frå hausten 2024 ein ledig lærlingplass i kostymesyarfaget. Vi søkjer ein engasjert lærling som brenn for handverket, og som ønskjer å bli ein framifrå kostymesyar.  

 

Lærlingplassen er ein del av kostymeavdelinga.  

 

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring  

  • Minimumskrav til utdanning er VGI Handverk, design og produktutvikling og VGII Søm og tekstil og/eller anna relevant utdanning. 

  • Vi søkjer ein kandidat som har interesse for kostyme og kan tenke seg en framtid i kulturfeltet. 

Personlege eigenskapar 

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig 

  • Ansvarsbevisst på eiga læring, og lærevillighet 

  • Strukturert, nøyaktig og med stor gjennomføringsevne 

  • Du må fungere og trivast i team 

  • Initiativrik 

Vi tilbyr 

  • Ein spanande lærlingplass med mange faglege utfordringar 

  • Eit variert fagmiljø, og eit triveleg arbeidsmiljø 

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø 

  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar 

  • God kollektiv gruppelivsforsikring 

  • Gunstig ferieordning 

  • Lønn etter tariff som ufaglærte 

 

Arbeidstida er primært på dagtid, 37,5 timars veke. Du må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tiltreding etter avtale. 

 

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje. 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til: 

Kitty Krohn Riege 

kitty.riege@detnorsketeatret.no 

Søknadsfrist: 19. mai 2024 

Kostymeavdeling

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.  

Questions regarding the position

Kitty Krohn Riege 
Kostymemakar
926 43 054
 
 
 

Apply for position



Kart