Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.
Det er ledig ei fast stilling som VVS- teknikar
Vi søker ein allsidig VVS- teknikar!
Vil du jobbe ein stad der du får nytta kompetansen din i eit av Noregs viktigaste kulturbygg?
Du vil vere ein viktig del av vedlikehaldsavdelinga vår og utføre drift- og tilsynsrelaterte arbeidsoppgåver. Du vil ha fagleg ansvar for VVS anlegg på teatret. I jobben inngår vedlikehald av teaterteknisk utstyr, feilsøking og reparasjonar. Avdelinga har ansvar for bygget og alle faste tekniske installasjonar. Du vil inngå i FDV-avdelinga som består av fem personar som arbeider tverrfagleg og i nært samarbeid med scenetekniske avdelingar.
Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Arbeidstida er 35,5 timars veke. Avdelinga jobbar i ei skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.
Tiltreding etter avtale, fortrinnsvis september.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Nils Burchert, Fagavdelingsleiar for vedlikehaldsavdelinga
nils.burchert@detnorsketeatret.no
Telefon: 45876752