Sceneavd
Sceneteknikar
Søknadsfrist:
22.02.2026

Det er ledig to faste stillingar som

Sceneteknikar

Har du ein lidenskap for teater, og ønskjer å utvikle deg som sceneteknikar?

Vi søkjer etter deg som er eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.

Arbeidsoppgåver:

Du skal utføre scenetekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av utstyr. Du vil saman med resten av sceneteknisk team være med på å levere tekniske løysningar til teaterets produksjonar. Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret.

Kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid
  • initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig
  • omgjengeleg og innstilt på å yte god service
  • god ordenssans og gode samarbeidsevner
  • god kjennskap til HMS-arbeid vil vere ein fordel 
  • førarkort og truckførarbevis er ønskjeleg 

Vi tilbyr:

  • utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø
  • god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • gunstig ferieordning
  • lønn etter tariffavtale  

 

Arbeidstid i samhøve med skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje. 

Sceneavd

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.



Questions regarding the position

Stian Næss 
Fagsavdelingsleiar scene
95247459
 
 
 

Apply for position



Kart