Lysavd
Lysteknikar
Søknadsfrist:
22.04.2026

Det er ledig ein fast stilling som 

Lysteknikar 

Vi søker etter eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ei god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar til ein fast stilling frå 3. august 2026.  

Arbeidsoppgåver: 

Du skal utføre lys- og videotekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av lysteknisk utstyr. Du vil saman med resten av lysteknisk team være med på å levere tekniske løysningar til teaterets nye produksjonar. 

Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret.   

 

Kvalifikasjonar: 

  • relevant utdanning og/eller røynsle frå tilsvarande arbeid  
    (til døme scenetekniske fag, elektro fag) 

  • kunnskap om lysbord, nettverk og elektronikk 

  • videoteknisk erfaring og kompetanse 

  • generelt god data kunnskap 

  • erfaring med service og vedlikehald av rørlege- og konvensjonelle lyskastarar  

  • gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk 

  • førarkort er ønskeleg 

 

Personlege eigenskapar: 

  • initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig 

  • omgjengeleg og innstilt på å yte god service 

  • god ordenssans og gode samarbeidsevner  

  • god forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar  

  • allsidig og lærevillig  

 

Vi tilbyr: 

  • utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver 

  • eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø 

  • god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring  

  • gunstig ferieordning 

  • lønn etter tariffavtale   

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. 

Arbeidstid i samhøve med skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.  
 

Lysavd

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervtope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. 

Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar.  



Questions regarding the position

Torkel Skjærven 
Fagavdelingsleiar lys
91610449
91610449
 
 
 

Apply for position



Kart