Det er ledig ei fast stilling som
Er du ein erfaren teknikar som trivst med ansvar, tekniske utfordringar og eit kreativt arbeidsmiljø? Ønskjer du å bruke kompetansen din i eitt av Noregs største teaterhus – midt i hjartet av Oslo? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Som teknikar ved Det Norske Teatret får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit unikt og skapande miljø. Du vil ha ansvar for teateret sine VVS-system og arbeide med drift, tilsyn og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar og teatertekniske system.
Du blir ein del av eit fagleg sterkt team som bidreg til at teateret sitt moderne bygg på 26 000 kvadratmeter fungerer optimalt – både framfor og bak scena.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du også har erfaring med brannvarslingsanlegg og digitale verktøy. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og serviceinnstilt. Du arbeider systematisk, prioriterer godt under press og trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Du er fleksibel og allsidig, og har eit ekte engasjement for faget.
Vi tilbyr
Arbeidstida er 35,5 timar per veke. Stillinga inngår i skiftordning, og kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppmodar kvalifiserte kandidatar som kan bidra til auka mangfald i organisasjonen vår, til å søkje.