Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
Ledig fast stilling som
Lydteknikar
Vi søkjer deg som har solid teknisk kompetanse, eit blikk for teater og eit øyre for god lyd. Som lydteknikar blir du ein sentral del av produksjonsarbeidet, både i prøvetida og under framsyningane, hovudsakleg på Hovudscenen og Scene 2.
Du vil inngå i teaterets lydavdeling og ha ansvar for alle typar lydtekniske oppgåver. Dette inkluderer planlegging, programmering og avvikling av framsyningar, samt deltaking i produksjonsløpet for tildelte framsyningar. Du jobbar tett med andre fagfunksjonar på scenen, kollegaer i lydavdelinga og det kunstnarlege teamet.
Utdanning og erfaring/ønskte kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Som lydteknikar har du 35,5 timars veke. Du følgjer prøvar, rigging og framsyningar. Arbeidstida vil variere mellom dag, kveld og helg.
Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.