Goodtech er eit
leiande nordisk teknologikonsern. Me leverer prosjekt, tenester og produkt til
industri og energibransjen. Målet vårt er å skape verdi for kundane våre ved å
gjere dei meir effektive og sikre at HMS og berekraft er i fokus. Goodtech er
notert på Oslo Børs, har ein omsetning på omlag 800 millionar kroner og har i
underkant av 350 tilsette i Noreg og Sverige.
Me er stolte av å være
ein sertifisert Great Place to Work-bedrift,og me får særleg
høge poeng på fellesskapsdimensjonen i vår årlege medarbeidarundersøking.
Medarbeidarane trivst godt saman, og Goodtech jobbar kontinuerleg med å
oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Me skapar
konkurransefortrinn
For at nordisk
industri skal være konkurransedyktig også i framtida, må ho vere verdsleiande når
det gjeld industriell effektivitet og berekraft.
For å få til dette
treng den deg - og oss.
Som eit børsnotert
selskap har me musklane til eit stort selskap, samtidig som me har nærleiken
til den lokale verksemda. Dette gjer oss i stand til å levere alt frå store og
teknisk krevjande prosjekt til mindre oppdrag. Vår kjernekompetanse er
konsentrert rundt automatisering, digitalisering, elektrifisering og avansert
produksjonsteknologi.
Goodtech i Førde
Bli ein del av vårt dynamiske team på 8 tilsette i Førde og opplev arbeidsglede i moderne og flotte lokale i Peak-bygget. Me står ovanfor spennande utfordringar med fleire prosjekt som krev samarbeid med Goodtech sine dyktige ingeniørar over heile landet.
No søkjer me både nyutdanna og erfarne ingeniørar innan automasjon, robotisering, digitalisering, datateknologi og elektro/elkraft. Me ynskjer søkarar som er nyutdanna eller har nokon års erfaring til stilling som Prosjektingeniør. Som ein del av vårt team vil du delta i spennande prosjektleveransar saman med dyktige ingeniørar med lang erfaring. I våre prosjekt vil du vera involvert i heile prosessen frå idé og forprosjekt til ferdig idriftsatt anlegg. Det gjev deg ein unik sjanse til å vidareutvikla deg fagleg. Me legg vekt på ein god balanse mellom arbeid og fritid, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Søk no og vær med å forma framtidas teknologiske løysingar, som sett spor etter oss i bransjen.
Arbeidsoppgåver:
- Programmering av PLS (Siemens, Schneider)
- Programmering av SCADA (Aveva System Platform, Ignition)
- Konfigurasjon av MES (Aveva MES, TrackSys MES)
- Konfigurasjon av nettverk og kommunikasjonsprotokollar
- Teikning av topologi, systemoversikt og automasjonsskap
- Testing, idriftsetjing og service hos våre kundar i heile landet
Utdanning og erfaring:
- Utdanning som Ingeniør (BSc eller MSc) innan automatisering, datateknologi, elektro eller liknande
Personlege eigenskapar:
- Du er systematisk og strukturert
- Du har gode karakterar frå utdanninga
- Du er ein god lagspelar og samarbeider godt med dine kollegaer
- Du er serviceinnstilt, positiv og løysningsorientert
Kvifor jobbe hos Goodtech?
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
- Hyggelege og sosiale kollegaer som samarbeider tett både internt og på tvers av lokasjonar
- Du får jobbe med hele prosessen frå idé til gjennomføring
- Spennande prosjekt og ein variert arbeidskvardag
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
- Solide pensjons- og forsikringsordningar
- Mogligheit til å ta del i selskapets aksjespareprogram
- Ein arbeidsgivar som legg til rette for faglig utvikling gjennom kursing, vidareutdanning e.l.
- Karrieremoglegheit for dei som ynskjer å utvikle seg innan teknisk leiing eller sal
Interessert?
Bli betre kjend med oss og dine fremtidige kollegaer på:
Goodtech rekrutteringsvideo
Goodtalks | Podcast on Spotify
For meir informasjon om stillinga, kontakt: Kenneth Herskedal / Tlf (+47) 483 14 081
Me ser fram til å motta din søknad. Søknadane vert behandle fortløpande.