3*100% faste stillingar som helsefagarbeidar/assistent i Årdal

Me har ledig: - 100% fast stilling som helsefagarbeidar/personlig assistent i 1:1 tiltak

                     - 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved sjukeheim

                     - 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Heimesjukepleien

 

Me har fokus på velferdsteknologi som kan bidra til at brukarane våre kan bu lenger heime. Pasientane har ofte komplekse sjukdomsbilder, som krev god kompetanse og god oppfølging. Me er alltid opptekne av å gjere det beste for pasienten og har interesse for faget vårt. Arbeidskvardagen hjå oss er varierande og meiningsfylt med gode kollegaer: "Eg trivast godt i heimesjukepleien. Det er eit godt fagleg miljø, og ikkje minst sosialt med kjekke pasientar og kollegaer samt fleire faglege utfordringar som gjer at arbeidskvardagen er variert og spennande" -Tilsett.

 

Arbeidsoppgåver:

Helsefagarbeidar/personleg assistent i 1:1 tiltak: er arbeid utført i privat heim. Det er 1:1 tiltak med arbeid ca kvar 4. helg (langvakter). Det er årsturnus i tiltaket. Praktiske og personlege gjeremål.

 

Helsefagarbeidar ved sjukeheim: Utføring av pleie og omsorgsoppgåver av pasientar innanfor eige kompetanseområde. Dokumentere etter gjeldande lov og forskrift, Gerica. Kunne vere primærkontakt og utføre oppgåver etter gjeldande prosedyrer.

 

Heimesjukepleien: Naudynt helsehjelp og rettleiing til pasientane. Utføring av arbeidsoppgåvene i tråd med vedtak. Dokumentere etter gjeldande lov og forskrift, Gerica. Fokus på kartlegging av pasioentar, ernæringsoppfølging, vurdering av tilstand og palliativ omsorg.

 

Det er stor variasjon i arbeidskvardagen og me jobbar etter eit prinsipp basert på fagleg kompetanse og tillit til at den vert nytta på best måte.

 

Kvalifikasjonskrav:

For stillinga som helsefagarbeidar/personleg assistent i 1:1 tiltak er det ikkje krav om fagkompetanse, men søkjarar med helsefagleg kompetanse vil bli prioritert. Det er naudsynt med førarkort.

For stillinga som helsefagarbeidar ved sjukeheim, må ein ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Det er ein fordel om søkjar har erfaring med demens.

For stillinga som helsefagarbeidar ved Heimesjukepleien, må ein ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, og det er naudsynt med førarkort.

 

I alle stillingane må du kunne beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.

 

Personlege eigenskapar:

Helsefagarbeidar/personleg assistent: Som tilsett hjå ein brukar som treng assistanse må du vere stabil, påliteleg, trygg på deg sjølv og ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er villig til å yte god service og vere ein aktiv del av kvardagen til eit anna menneske. Du vert ein bidragsytar til at kvardagen vert så god som mogleg.

 

Helsefagarbeidar ved sjukeheim og heimesjukepleie: Som tilsett ved sjukeheim og heimesjukepleie må du vere ansvarsbevisst og sjølvstendig. Du må kunne sanarbeide godt og bidra til at alle får ein best mogleg arbeidskvardag. Du må kunne trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø med varierte utfordringar.

 

Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer
  • interessant og utfordrande jobb
  • gode pensjons og forsikringsordningar
  • tilgang på eiga bedriftshytta på Skeikampen
  • Me har mulighet til å tipse og finne ledige utleigeleiligheter til dei som får jobbtilbod

Løn og tilsetjingsvilkår:

  • stillinga er løna etter kvalifikasjonar; ufaglærte som assistent og fagutdanna som fagarbeidar
  • det må leverast gyldig politiattest for å utføre arbeidet
  • det er 6 månaders prøvetid for nytilsette 
  • 2% av løna vert trekt til avtalefesta pensjon
Application due
2024-07-30

Start date
Så snart som möjligt

Work period
Tillsvidare

Position category


Position type
Vård/Omsorg

Workplace


Tags
Tillsvidaretjänst

Contact
Ida Steiner
Projektledare